Personvernerklæring

Personvernerklæring

Sist oppdatert: 27.4.2026

Behandlingsansvarleg

Bowlit er behandlingsansvarleg for personopplysningane som vert samla inn via denne nettsida.

Kontaktinformasjon:

Kva opplysningar samlar me inn

Når du bookar ein aktivitet (karaoke eller dart) hos oss, samlar me inn:

  • Namn
  • E-postadresse
  • Telefonnummer
  • Eventuell kommentar du skriv inn
  • Booking-detaljar (dato, tid, antal personar)

Kvifor samlar me inn opplysningane

Me brukar opplysningane til å:

  • Handtera bookinga di
  • Senda deg stadfesting på e-post
  • Kontakta deg ved endringar eller avlysing
  • Føra rekneskap (lovpålagt etter bokføringslova)

Det rettslege grunnlaget for behandlinga er avtalen me har med deg om å levera tenesta du har bestilt (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b), samt rettslege forpliktingar som bokføring (artikkel 6 nr. 1 bokstav c).

Kor lenge lagrar me opplysningane

  • Booking-data: vert sletta automatisk 12 månader etter bookinga er gjennomført
  • Rekneskapsrelevant informasjon: vert oppbevart i 5 år etter rekneskapsårets slutt, slik bokføringslova krev

Deling med tredjepartar

Me deler ikkje personopplysningane dine med tredjepartar utanom:

  • Vår epost-leverandør (for å senda deg booking-stadfesting)
  • Vår servar-leverandør (Gigahost, Norge)
  • Offentlege styresmakter dersom me er pålagde det ved lov

Alle leverandørar er innanfor EØS-området.

Cookies

Nettsida brukar tekniske cookies som er nødvendige for at innloggings-funksjonen i admin-panelet skal fungera. Me brukar ikkje sporings-cookies eller analyseverkty.

Dine rettar

Du har rett til å:

  • Få innsyn i kva opplysningar me har lagra om deg
  • Krevja at feilaktige opplysningar vert retta
  • Krevja at opplysningane vert sletta (med atterhald om bokføringsplikt)
  • Klaga til Datatilsynet dersom du meiner me bryt personvernlova

For å gjera ein av desse rettane gjeldande, ta kontakt med oss på bowling@bowlit.no.

Endringar

Me kan oppdatera denne erklæringa frå tid til anna. Siste versjon vil alltid vera tilgjengeleg på denne sida.